Kompetanseløft på Berivest
Endeleg er det aktivitet på øvingsanlegget Berivest. 10 kursdeltakarar frå GMBR har starta med grunnkurs for mannskap i deltidsbrannvesen.
Full aktivitet på øvingsanlegget Berivest i Sløvågen.
Kurset er obligatorisk for alle heil- og deltidsbrannskap som arbeider innanfor Brann og redning.
Kompetanseløft
Kurset består av teori, gruppeoppgåver, ulike caser og ein god del praktiske øvingar. Kurset strekk seg over fire samlingar, og mannskapet må igjennom ein god del eigenstudier mellom samlingane. Instruktør var tidlegare Brigadesjef i Bergen Brannvesen, Kjell Jacobsen.
- Etter første samling er eg imponert over det engasjementet som mannskapet stilte med. Eg ser fram til neste samling i februar. Endeleg er me i gang med dette lovpålagte og svært viktige kurset som vil gje heile GMBR eit betydeleg kompetanseløft, seier brannsjef Lars Jørgen Svendsen.
10 kursdeltakarar, ein sjåfør, hjelpemann Jan Ivar Kjelby og instruktør Kjell Jacobsen tilbrakte heile helga på Berivest.