HjemNyhendeKonsekvensar for innbyggjarane i samband med stenging av E-39

Konsekvensar for innbyggjarane i samband med stenging av E-39

Dei fleste er vonleg kjende med at vegvesenet må stenga E-39 ved Litle-Urdalstunellen langs Osterfjorden for å fjerne ei steinblokk som er oppdaga ovanfor vegen.

Konsekvensane av dette er fleire, men dei største konsekvensane for innbyggjarane i Masfjorden vert nok auka trafikkbelastning på vegnettet gjennom kommunen.
Det er lagt opp til at gjennomgangstrafikken i hovudsak skal gå på aksen Sløvåg - Kringla - Oppedal, men noko trafikk kjem også til å gå via Andås - Masfjordnes (Fv 570).
 
Som dei fleste veit er ikkje alle strekningar like eigna for stor trafikkbelastning og difor har vegvesenet sett inn trafikkdirigentar på fleire vegstrekningar. Gulen og Masfjorden brann og redning har auka beredskapen med tre vaktlag som er i beredskap så lenge behovet er til stades. Det er etablert eit vaktlag på sørsida av fjorden og to vaktlag på nordsida.
 
Me oppfordrar alle til å planlegga minst mogeleg aktivitetar på og langs vegane i denne perioden og ber folk vera spesielt aktsame i samband med den auka trafikkbelastninga.

For dei som ikkje har fått med seg klokkeslett, så skjer altså stenginga frå kl. 07.00 måndags morgon den 21. juni. (red.)



Tekst: Sigvald Kvinge, brannsjef/prosjektleiar



Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 18.06.2021