Kontaktperson barn som pårørande i Masfjorden kommune

Det er mange ulike årsaker til at barn blir pårørande, blant anna kan det vere forhold i familien som:

  • Psykisk sjukdom
  • Fysisk sjukdom eller skade
  • Demens
  • Misbruk av alkohol eller andre rusmidlar
  • Dødsfall
  • Samlivsbrot
  • Økonomiske utfordringar
  • Vold i familien
  • Nokon i nær familie som sitt i fengsel
  • Flyktningsbakgrunn

Det kan også vere andre forhold som fører til at barn blir pårørande, ta også kontakt for andre årsaker enn dei som er nemnt over som gjer at barn blir pårørande.

Kontaktperson for barn som pårørande skal sikre at barnet og familien får tilbod om heilheitlege og koordinerte tenester ut fra sine ynskjer og behov.

Kontaktperson for barn som pårørande har oversikt over aktuelle tiltak og hjelpeinstansar internt og eksternt, samt gode kunnskaper og ferdigheitar i barn som pårørende-arbeid.

I Masfjorden kommune er det leiande helsesjukepleiar Laila Mjånes som er kontaktperson for barn som pårørande.

Kontaktperson for barn som er pårørande kan tilby eller tilvise til andre fagpersonar for: 

  • Støtte- og rettleiingssamtalar til barnet, foreldra og familie
  • Informasjon og kunnskap om det å vere barn som pårørande
  • Råd og rettleiing til barnehage og skule, eller andre relevante fagpersonar
  • Hjelp til å kome i kontakt med andre instansar

 

Slik tek du kontakt:

  • Ein kan ta direkte kontakt med kontaktperson for barn som pårørande på telefon 48480646
  • eller med helsestasjonen på telefonnummer 56166314 / 56166300

 

Familien sjølv, samt andre personar både private og tilsette i offentleg sektor som får kjennskap til at barn er pårørande, kan ta kontakt med kontaktperson for barn som pårørande i Masfjorden kommune.

 

Ein treng ikkje tilvising. 

All hjelp er gratis.

 

Tekst: Leiande helsesjukepleiar, Laila Mjånes


Sist oppdatert: 26.05.2023
Publisert: 26.05.2023