HeimNyhendeRegistrert smitte i kommunen pr. 14. februar

Registrert smitte i kommunen pr. 14. februar

Dette er innbyggjarar som har registrert seg sjølv etter positiv sjølvtest. Veka før var talet 25, noko som viser at smittetala i Masfjorden er aukande.

Det er for tida registrert korona positive både på Sørsida, i Nordbygda og i Indrefjorden. Med så mykje smitte som det er rundt oss no finn det ikkje føremålstenleg å gå ut med informasjon når det oppstår nye utbrot i barnehagar og skular.

Me oppmodar innbyggjarane om å vera særleg merksame på symptom frå luftvegane, og ta sjølvtest om du kjenner symptom. Me har god tilgang på sjølvtestar. Les meir om kvar du kan hente sjølvtestar her:
Masfjorden kommune - Korona - sjølvtest

Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar, sørg for god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

 


Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 15.02.2022
Publisert: 14.02.2022