HjemNyhendeKoronavaksinasjon i Masfjorden kommune

Koronavaksinasjon i Masfjorden kommune

Ut frå Folkehelseinstituttet sine prioriteringar får aldersgruppa 75-84 år i Masfjorden no tilbod om vaksinasjon. Etter det er neste aldersgruppe 65-74 åringane. Me kan ikkje seie endå når tid denne aldersgruppa vil få tilbod om vaksine, men me vil også då byrje med dei eldste i gruppa og gå gradvis nedover.

Kommunen må følgje Folkehelseinstituttet sine anbefalingar for kven ein skal vaksinere og i kva rekkjefølge den einskilde skal prioriterast. Tilgangen på vaksiner avgjer kor fort ein kan tilby innbyggarane vaksine. Dette har variert frå veke til veke. Dei siste vekene har kommunen berre motteke vaksiner til revaksinasjon.

Me har fram til no fått leveransar med Pfizer vaksine(www.fhi.no). Denne veka (veke 10) har me i tillegg fått levering av 100 dosar av AstraZeneca vaksine(www.fhi.no). I veke 10 og 11 vil me fortsette med Pfizer vaksinasjon til aldersgruppa 75-84 og AstraZeneca til prioritert helsepersonell og personar i alder 55-64 år med underliggjande sjukdommar/tilstander.  

Ingen treng å ta kontakt med legekontor eller fastlege, kommunen vil få nødvendig oversikt over alle prioriterte grupper, og ta kontakt etter kvart som vaksineringa kan begynne i aktuell gruppe. Me veit dessverre berre kva me får av vaksine1-2 veker fram i tid, dette medfører at det er vanskeleg å sei kor tid dei ulike aldersgruppene vil få tilbod om vaksine framover våren. I tillegg vil kommunar med lite smitte få litt mindre vaksiner, slik at kommunar med større smittepress får meir.

Alle skal ha to dosar Pfizer. Andre dose må setjast etter minst 21 dagar etter den fyrste. Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose.

  • Alle skal ha to doser AstraZeneca. Andre dose blir sett 9-12 veker etter første dose. Du vil verte innkalla for dose 2, etter at dose 1 er satt.

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet Norge, Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI(www.fhi.no)


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 10.03.2021