Koronavaksine til barn i alderen 5 til 11 år med underliggande sjukdom

Vaksinering av born som bur i Masfjorden vil skje i Bergen i løpet av veke 3 og 4. 

Dette gjeld barn i alderen 5-11 år med følgjande sjukdomar:

  • Organtransplantasjon (til dømes hjarta, nyre, lever etc.).
  • Immunsvikt  
  • Hematologisk kreftsjukdom (til dømes leukemi, lymfom) siste fem år
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
  • Kronisk nyresjukdom med vesentleg nedsett nyrefunksjon
  • Alvorleg hjartesjukdom
  • Alvorleg lungesjukdom
  • Annan svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon vert i slike tilfelle vurdert individuelt av barnelege.

Tilbod om vaksine kan også verta gjeve barn med nærkontaktar (i same hushald) som har ein alvorleg underliggjande sjukdom. Det kan i slike tilfelle vera ynskjeleg at barnet vert vaksinert for å indirekte verna dei alvorleg sjuke i heimen. 

Trur du at ditt barn bør få vaksinen?  

  • Ta kontakt med barnelegen som følgjer opp barnet ditt eller barnet sin fastlege. Er legen einig med deg, får du dokumentasjon på dette frå legen og kommunen kan melde barnet til vaksinasjon.  
  • Begge føresette må samtykke skriftleg til vaksine. Samtykkeskjema i pdf (www.fhi.no).  
  • Samtykkeskjemaet må leverast på legekontoret / helsestasjonen før kommunen kan melde barnet til vaksinasjon
  • Bergen kommune vil så tildele vaksinasjonstidspunkt til barnet. Ein kan lese meir på heimesida til Bergen kommune.

Dersom ein har spørsmål kring dette kan ein ta kontakt med Masfjorden legekontor på
tlf.56166300 eller Masfjorden helsestasjon på tlf. 56166314  


Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 11.01.2022
Publisert: 11.01.2022