Koronavaksinering for dei over 75. år
Anbefalinga om oppfriskningsdose gjeld uavhenging om ein nyleg har gjennomgått koronainfeksjon.
Dosen kan bli gitt tidlegast 4 månadar etter siste oppfriskningsdose, eller minimum 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon.
Det blir ikkje sendt ut innkalling til vaksinering, ein må sjølv ta kontakt med legekontoret for å avtale tid.
Me vil få levert koronavaksiner i veke 29. Dei som ynskjer vaksine kan ta kontakt med legekontoret på 56166300.
Dette gjeld og dei som ynskjer 2. dose eller 3. dose.
Tekst: Trude Fykse, helsesekretær.
Sist oppdatert:
13.01.2023
Publisert:
05.07.2022