HjemNyhendeKoronavaksinering i veke 27, 28 og 29

Koronavaksinering i veke 27, 28 og 29

Me har fått oversikt over talet på vaksiner me får i veke 28 og 29. I veke 27 har alle fødd i 1973 (48år) fått tilbod om vaksine og ein har begynt på dei som er født i 1974. I veke 28 mottar me berre vaksiner til revaksinering. I veke 29 får me ca. 80 doser med Pfizervaksine. Me held fram med å vaksinere i gr. 9 og begynner å vaksinere i gr. 10.

Me vaksinerer fortløpande etter retningslinjer frå FHI og vaksinerer no i gruppe 9. Sjå prioriteringsrekkefylgja under:

Prioriteringsrekkefylgje:

  1. Bebuarar i sjukeheim
  2. Alder 85 år og eldre
  3. Alder 75-84 år
  4. Alder 65-74 år
    og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstander
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstander
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstander
  8. Alder 55-64 år
  9. Alder 45-54 år
  10. Alder 18-24 år og 40-44 år
  11. Alder 25-39 år

Er du i prioriteringsgruppe 5 - 7, dvs. personar i aldersgruppa 64 - 18 år med underliggande sjukdomar, og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du ta kontakt med legekontoret på tlf. 56166300.

Dei underliggande sjukdommane er:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdomar
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • Demens  
  • Kroniske hjarte- og karsjukdom (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag 

Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit endå berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

Er du nyleg flytta til kommunen og ynskjer vaksine, ta då kontakt med legekontoret.

 

Tekst: Trude Fykse, Masfjorden legekontor


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 09.07.2021