Koronavaksinering for dei over 80

Folkehelseinstituttet har opna opp for at personar som er 80 år og eldre som har fått 3 dosar og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få ein ny oppfriskingsdose dersom ein sjølv ynskjer det.

Dosen kan bli gitt 4 månader etter siste oppfriskingsdose.

Ein ny dose no vil ikkje nødvendigvis avskrive eit behov for enda ei oppfriskingsdose til hausten, når det er forventa auke i smitte.

Det blir ikkje sendt ut innkalling til vaksinering, ein må sjølv ta kontakt med legekontoret for å avtale tid.

Denne veka vil me få nokre glas med koronavaksinar. Dei som ynskjer vaksine kan ta kontakt med legekontoret på 56166300. Dette gjeld og dei som ynskjer 2. dose eller 3. dose.

 

Tekst: Trude Fykse, helsesekretær


Sist oppdatert: 23.05.2022
Publisert: 23.05.2022