HeimNyhendeBente Kvamsdal Håvåg heidra med kulturpris

Bente Kvamsdal Håvåg heidra med kulturpris

Ordførar Karstein Totland stod for overrekkinga under Tine fotballskule på Hosteland i helga. Det var ein svært overraska og rørt vinnar som tok imot prisen.

Bente Kvamsdal Håvåg saman me ordførar Karstein Totland

Det er Masfjorden formannskap som kvart år vel ut prisvinnar basert på innkomne framlegg. I tildelingsteksten står det:
«Vinnaren av Masfjorden kommune sin kulturpris for 2021 er ein person som heile sitt vaksne liv har lagt ned ein uvurderleg innsats i arbeidet for born og unge i kommunen. Vinnaren har vore og er ein bauta innanfor arbeidet i frivillige lag og organisasjonar.

Vinnaren starta si karriere i Masfjord fotballag som spelar i den aldersbestemte fotballen. Sidan vart det som trenar, tilretteleggjar av aktivitetar og turneringar og som styremedlem i laget der prisvinnaren har vore med på å gjera Masfjord fotballag til det det er i dag. Skal det lagast til turneringar, køyrast, gjerast dugnadsarbeid er prisvinnaren alltid der. Prisvinnaren hadde og ansvaret for oppfølging av bygging av ny kunstgrasbane i kommunen.

I idrettslaget har prisvinnaren gjennom mange år vore gruppe- og styremedlem. Vinnaren har tatt ansvar når det skal organiserast aktivitetar, køyring eller dugnad i laget. Vinnaren har vore med på alle typar aktivitetar i idrettslaget og har gjennom sitt arbeid i styret vore med på å halda oppe den høge aktiviteten laget har i dag.

Utanom idretten har årets prisvinnar vore engasjert i det frivillige arbeidet i nærområdet. I det lokale 4H- laget har sjølvsagt årets vinnar tatt sin tørn som foreldrerettleiar. Vinnaren har vore ein pådrivar for bygging av nærmiljøanlegg i sitt nærområde.

Her er eit lite døme som viser kva for ein person vinnaren er: Når prisvinnaren etter mange år i styret i idrettslaget omsider trekte seg tok vinnaren på seg ein jobb i valnemnda for det komande året. Det viste seg å vera vanskeleg å få tak i nok medlemmer til gruppene i laget så vinnaren nominerte seg sjølv inn att.

Årets vinnar er ein av dei personane som gjer at me kan halda oppe alle dei organiserte aktivitetane me har for born og unge i kommunen. Ein entusiast og pådrivar av dei sjeldne.»

Masfjorden kommune gratulerer Bente Kvamsdal Håvåg med kulturprisen for 2021.

 

Tekst: Masfjorden kommune
Foto: Mary Hope


Sist oppdatert: 16.08.2021
Publisert: 16.08.2021