HjemNyhendeKulturprisen til Aase og Kirsti

Kulturprisen til Aase og Kirsti

Kulturprismottakarane Aase S.Areklett og Kirsti Areklett


Det er formannskapet som vedtek kven som har gjort seg fortent til prisen basert på innkomne framlegg. Ordførar Karstein Totland sto for overrekkinga. Han las opp grunngjevinga frå formannskapet:
«I 1985 starta Friundervisninga opp vevkurs på Solheim, med Kirsti Areklett som lærar. I dei påfylgjande åra vart det fleire vevkurs, etter kvart i kjellaren på Sleire skule. Kursa gjekk over til å verte eit vevfellesskap med Aase Skjervheim Areklett og Kirsti Olaug Areklett som drivande krefter og tilretteleggjarar. Dette har dei no halde på med i over 30 år, utan avbrot.
Forutan å leggje til rette for at folk med vevinteresse kunne få prøve seg i dette handverket, så å seie utan forkunnskapar, har Aase og Kirsti bidrege med bistand til folk som ville prøve seg på veving også andre stader i kommunen. Mellom anna har dei reist heim til eldre som gjerne ville ta opp att kunsten, og hjulpe med mykje av det arbeidet som må gjerast før ein kan gå i gang med sjølve vevinga.
På denne måten har desse to bidrege til at veving framleis vert halde i hevd i grendene våre, og ved å dele det som av einskilde vert kalla « handlingsboren kunnskap» bidrege til å gje nye utøvarar hjelp og inspirasjon.
Med dette vert det gjort vedtak om at Masfjorden kommune sin kulturpris for 2023 vert tildelt Aase Skjervheim Areklett og Kirsti Olaug Areklett.»


Masfjorden kommune gratulerer prisvinnarane!

Sommarutstilling

Tørkeloftet på fargeriet husar i sommar ei tredelt utstilling. Hovudutstillinga er ei bunadsutstilling knytt til den rekonstruerte Masfjordbunaden. I tillegg kan ein oppleva Berit Lygre sine vakre portrett-teikningar og prisvinnarane si åkleutstilling. På opningsarrangementet vart tørkeloftet for lite for alle dei som var komne for å vera med på opninga, og ein del av publikum fekk tildelt «uteplass».
Men det vert fleire høve til å oppleva utstillinga i løpet av sommaren.
Utstillinga vil vera open
9. juli, 6. august, 13. august, 20.august, 27. august kl 14-17 og elles etter avtale 97061230
13. og 27. august vil det og vera kulturprogram i fargeriet. Sjå eiga annonsering.

Her kan du sjå nokre glimt frå opninga. Hald musepeikaren over biletet for bilettekst:

Johanne Mjøs og Vegard Hansen opna arrangementet med flott folkemusikkframføring

Lovisa Midtbø fortalde om Aslaug Takvam sitt arbeid med å rekonstruere gamle masfjordbunaden

Kirsti Areklett viser særtrekk ved bunaden

Mingling og mat

Glimt frå utstillinga

Glimt frå utstillinga

Tekst: Frank Kvinge
Foto: Mary Hope


Sist oppdatert: 04.07.2023
Publisert: 03.07.2023