HjemNyhendeKulturskulen ute med ny CD

Kulturskulen ute med ny CD

Mange unge masfjordingar har vore elevar i kulturskulen sidan oppstart, og skulen har blitt ein solid bærebjelke i det lokale kulturlivet.

Kulturskulen hadde planar for å markera jubileet med ymse arrangement og tiltak gjennom heile året, men koronapandemien sette ein stoppar for det. No nøyer me oss med digitale jubileumskonsertar på nyåret, og denne CD-utgjevinga.

Plata har fått namnet «High five» og 22 innspelingar har fått plass på plata. Alle opptaka er gjort dei siste to åra, og også denne gongen er det kulturskulelærar Jon Martin Skauge som
står for prima produksjon.

Cd-en har blitt eit imponerande flott produkt som alle bidragsytarar verkeleg har grunn til å vera stolte av. Takk til alle som har bidrege.

Grunna korona vert det ikkje live plateslepp denne gongen, men rigg deg til i sofakroken og nyt. Håpar du likar det du høyrer.

Cd-en kostar kr 150 og kan kjøpast på daglegvarebutikkane i kommunen eller tingast på 56166200. Ei flott julegåve!

Sjå også pdf-plakat.

 

Helsing kulturskulen


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 07.12.2020