HeimNyhendeKunngjering - utlegg av årsbudsjett 2024 med handlingsplan og økonomiplan 2024-2027

Kunngjering - utlegg av årsbudsjett 2024 med handlingsplan og økonomiplan 2024-2027

Masfjorden kommune sitt årsbudsjett for 2024 med handlingsplan og økonomiplan 2024 – 2027, vert i samsvar med kommunelov §14-3, 4. ledd lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 16. november til 1. desember 2023.

Masfjorden kommune sin handlings- og økonomiplan syner kommunen sine prioriteringar i høve til teneste- og samfunnsutviklinga i perioden 2024 – 2027. Handlingsplan er heimla i plan- og bygningslova §11-1, og økonomiplan er heimla i kommunelov § 14-4.

Årsbudsjettet for 2024 med handlingsplan og økonomiplan 2024 – 2027 blir endeleg innstilt i formannskapet 4. desember 2023 og handsama i kommunestyret den 14. desember 2023.


Her kan du lesa rådmannen sitt forslag, samt sakspapira: (PDF-filer) 

Rådmannen sitt forslag til årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027
Sakspapir - Årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024 - 2027 

 

Merknader til årsbudsjett for 2024 med handlingsplan og økonomiplan 2024 – 2027 må kome administrasjonen i hende innan 1. desember 2023 kl. 16:00.

Merknader sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724,
5981 Masfjordnes

eller på epost til post@masfjorden.kommune.no


Dokumenta vert utlagt på tenestetorget på kommunehuset, biblioteka i kommunen, Kvingo Nærkjøp, Nordbygda Senter og Nærbutikken Haugsvær.

 

Dokumenta finn du og på Masfjorden kommune si heimeside.


Sist oppdatert: 17.11.2023
Publisert: 17.11.2023