HjemNyhendeKunngjering - utlegging av årsbudsjett 2023 med handlingsplan og økonomiplan 2023 – 2026

Kunngjering - utlegging av årsbudsjett 2023 med handlingsplan og økonomiplan 2023 – 2026

Masfjorden kommune sitt årsbudsjett for 2023 med handlingsplan og økonomiplan 2023 – 2026, vert i samsvar med kommunelov §14-3, 4. ledd lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 15. november til 2. desember 2022.

Masfjorden kommune sin handlings- og økonomiplan syner kommunen sine prioriteringar i høve til teneste- og samfunnsutviklinga i perioden 2023 – 2026. Handlingsplan er heimla i plan- og bygningslova §11-1, og økonomiplan er heimla i kommunelov § 14-4.

Årsbudsjettet for 2023 med handlingsplan og økonomiplan 2023 – 2026 blir endeleg innstilt i formannskapet 5. desember 2022 og handsama i kommunestyret den 15. desember 2022.

Merknader til årsbudsjett for 2023 med handlingsplan og økonomiplan
2023 – 2026 må kome administrasjonen i hende innan
2. desember 2022 kl. 14:00.

Merknader sendast til Masfjorden kommune:
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller på epost til post@masfjorden.kommune.no

 

Dokumenta vert utlagt på tenestetorget på kommunehuset, biblioteka i kommunen, Sandnesbutikken, Kvingo Nærkjøp, Nordbygda Senter og Nærbutikken Haugsvær.

Du kan og lesa dokumenta her: 

Rådmannen sitt forslag til årsbudsjett 2023 og økonomiplan 2023 - 2026 

Sakspapir med vedtak, 14. november 2022


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 15.11.2022