HeimNyhendeKunngjering av godkjent planendring for Liarinden

Kunngjering av godkjent planendring for Liarinden

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 15. desember 2020, sak  126/20 godkjent mindre endring av reguleringsplan for Liarinden, planid  463420200002 etter forenkla prosess.

Revidert plankart av 02.10.2020 og saksutgreiing med vedtak frå formannskapet si handsaming vert med dette sendt ut, samt endra føresegner av 02.10.2020.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å fastsetta maksimal mønehøgd som byggjehøgde i staden for planert terreng.

Plandokument i pdf-versjon:
Føresegner for reguleringsplan
Plankart
Saksutgreiing

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29,  3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland og sendast til:

Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til
post@masfjorden.kommune.no innan 26.01.2021.

Dersom de har spørsmål i saka ta kontakt med ass. Rådmann Sveinung Toft.


Sist oppdatert: 05.01.2021
Publisert: 05.01.2021