HeimNyhendeKunngjering av mindre reguleringsendring

Kunngjering av mindre reguleringsendring

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 29.08.2022, sak 085/2022 gjort følgjande vedtak:

«Framlegg til revidert reguleringsplan for Rørdalen Hyttefelt vert lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova sin § 12-10.

Det vert vist til revidert plankart av 05.04.2022 og reviderte føresegner av mars 2022.»

Følgjande tema er omfatta av planendringa i følgje planfremjar, som skriv:

  • Justere plassering byggeområde VA1 Begrunning: Eksisterande kloakkanlegg måtte plasserast som vist i planendring pga fallsituasjonen.
  • Justere plassering byggeområde La (lager). Begrunning: Flyttast for å kunne legge om tilkomstveg.
  • Legge om tilkomstveg mellom VA1 og La. Begrunning: Omlegging blir gjort for at bygningar i HK1 skal kunne trekkast lenger ned i terreng mot eksisterande veg. Dette medfører mindre inngrep i terrenget bak bygningane, og reduserer behovet for sikring terreng.
  • Justere og utvide parkeringsplass P1. Begrunning: Omfang leiligheiter i HK1 krev fleire parkeringsplassar.
  • Ny fritidstomt H2. Begrunning: Fritidstomt 50/170 kan ikkje byggast på grunna vanskeleg terreng. Fritidstomt H2 er erstatning for denne. Sal av tomtar er avgjerande for Stordalen Fjellstove sin økonomi og eksistens.
  • Omdefinere byggeområde H2 (fritidsb. -fritt) til HK2 (fritidsb. – kons) Begrunnelse: Det er ynskje om å ha opning for å bygge leiligheiter også i dette området. Det styrker drift av fjellstova å ha mest mogeleg folk og aktivitet tett ved.

Det vert vist til vedlagde lenker som viser følgjande dokument som skildrar endringane som er planlagt:

Kommunen ber om at eventuelle merknader på reguleringsendringa vert sendt til Masfjorden kommune innan 25. oktober 2022. til post@masfjorden.kommune.no, eller per brev til Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.

 

 

Tekst: Sveinung Toft, assisterande rådmann


Sist oppdatert: 15.09.2022
Publisert: 15.09.2022