HjemNyhendeKunngjering av oppstart av kommunedelplan for drikkevatn og avlaup med framlegg til planprogram

Kunngjering av oppstart av kommunedelplan for drikkevatn og avlaup med framlegg til planprogram

Formannskapet i Masfjorden kommune vedtok i møte den 18.10.2021, i sak nr 081/21 og i medhald av plan- og bygningslova sin § 11-12 oppstart av arbeidet med  kommunedelplan for drikkevatn og avlaup for Masfjorden kommune for 2021 – 2032. Det  vart og vedteke at  framlegg til planprogram dagsett 23.09.2021 vert sendt på høyring i medhald av § 4-1 i same lov.

Planprogrammet gjer i korte trekk greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen og korleis ein legg til rette for medverknad med vidare i samband med sjølve planarbeidet. I planprogrammet vert det føreslått kva tema og problemstillingar som bør løysast i planarbeidet, og kva utgreiingar som er naudsynte for å få eit godt nok avgjerdsgrunnlag for mellom anna nye investeringar knytt  til drikkevatn-  og avlaupsområdet.

Framlegg til planprogram og saksframlegget i pdf-versjon:
Planprogram
Saksframlegg

Kommunen ønskjer både innspel til planarbeidet og til sjølve planprogrammet, og ber om at desse  vert sendt innan 10. desember 2021 til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no. På Masfjorden kommune si heimeside finn du:
elektronisk merknadsskjema (skjema.kf.no)

 

 

Tekst: Sveinung Toft


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 21.10.2021