Kunngjering om godkjent reguleringsplan for Matre næringsområde gnr.52 bnr.10 m.fl.
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 22.10.2020, sak 073/2020 har eigengodkjent reguleringsplan for Matre næringsområde i Masfjorden kommune, plan-id 4634-20200001.
Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for større næringsbygg/ datasenter inne på nærings- og industriområdet aust for E39 på Matre. Det interne vegsystemet er difor lagt om for å leggje til rette for eit stort samla industri/næringsareal. Fotgjengarar får fortau langs endra tilkomstveg i planområdet og ny stad for kryssing av E39. Det er og sett av nytt areal til brannstasjon og eventuelt framtidig visningsbygg. Utnyttingsgraden er auka noko og byggjehøgda er sett til inntil 16 meter på deler av området
Plandokument i pdf-versjon:
- Plankart av 06.10.2020
- Føresegner av 28.10.2020
- Saksframlegg med vedtak av 22.10.2020
- Planskildring dagsett 30.10.2020.
- Illustasjonsplan, alternativ 1
- Illustrasjonsplan, alternativ 2
Om klage og verknad av plan
Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast inn av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no, innan 10.12. 2020.
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, som gjeld krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.