HeimNyhendeKunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for Storeskjeret på Sandnes

Kunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for Storeskjeret på Sandnes

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 04.02.2021, sak 011/2021, gjort vedtak om å leggje 1. gangs framlegg til  reguleringsplan for Storeskjeret gnr 30 bnr 23 m.fl. ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Reguleringsplanen har fått planid 4634-20200005.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny matbutikk/ forretning sør for  Storeskjeret på Sandnes. I 2 etasje vert det opna for kontor og bustader. Ny lokalisering er naudsynt sidan Sandnesbutikken må ut av det historiske butikklokalet nede på Sandneskaien i løpet av relativ kort tid.

Planforslaget regulerer inn et større areal for kombinert formål med bustad/forretning/kontor.  Det er satt av noko areal som går ut i sjø. Her er det tillate med delvis fylling i sjø. Innanfor kombinert formål skal ein og kunna setja opp 2 pumper for drivstoffuttak. Det er satt krav i føresegnene til utarbeiding av eigen risikoanalyse til drivstoffanlegget før det kan etablerast. Vidare er det regulert inn 14 parkeringsplassar, inkludert HC parkering, fortau og mellombels gangveg frå oppstillingsplassen for bilar som ventar på ferja til Duesund.

Det er og sikra eit areal til leikeplass heilt inntil det kombinerte byggjeområdet, med krav om opparbeiding. Det vert og opna for at det kan byggjast ein slipp for mindre båtar på nordsida av butikken i samband med parkeringsplassen og småbåthamna.

Planområdet er lokalisert rett ved Masfjordnes ferjekai og ligg i sentrum av Masfjordnes ute på og ved Storskjeret. Planområdet har ei størrelse på 6,48 daa. I dag er sentrale deler av området nytta som parkeringsplass og til båtopptrekk. I kommuneplanen ligg deler av området  som parkeringsareal, og elles som LNF-område og fleirbruksområde i sjø.

Det vert vist til planskildring, føresegner og plankart dagsett 23.01.2021 , samt tilhøyrande utgreiingar og ROS-analyse for fleire detaljar, som saman med saksframlegget med vedtaket i formannskapsmøtet den 04.02.2021  vert sendt ut.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 10. februar 2021 til 24. mars 2021 på kommunehuset.

Sentrale plandokument i pdf-versjon:
Plankart
Planskildring
Føresegner
ROS-analyse
Skredrapport
Merknadskjema og merknader
Illustrasjonskart
Saksframlegg

Andre plandokument kan ein finna ved å gå inn på sak 20/371 på post innsyn på heimesida til Masfjorden kommune.

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget helst vert sendt:
på elektronisk høyringsskjema
eller som brevpost til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes,
som e-post til post@masfjorden.kommune.no.

Høyringsfristen er den 24. mars 2021.


Sist oppdatert: 09.02.2021
Publisert: 09.02.2021