HeimNyhendeKunngjering om oppstart av reguleringsplan og framlegg til planprogram for Botneneset

Kunngjering om oppstart av reguleringsplan og framlegg til planprogram for Botneneset

Det vert med dette varsla at formannskapet i møte den 18.10.2021, sak 21/670 vart gjort vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeid (områdeplan) for Botneneset gnr. 31 bnr. 1 m. fl. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova sin § 12-9 og § 12-8.

Det er i samsvar med plan- og bygningslova sin § 4-1 også utarbeidd eit framlegg til planprogram for områdeplan for Botneneset som også vert lagt til offentleg ettersyn. Planprogrammet informerer nærmare om bakgrunnen for planarbeidet, medverknad, organisering og prosess. Viktige problemstillingar for planarbeidet er og drøfta, samt framlegg til konsekvensutgreiing. Planavgrensinga er vist på figur 1 på side 4 i planprogrammet.

Saksdokument i pdf:
Planprogram for områdeplan
Saksutgreiing

Planidentiteten er 463420210004.

Eventuelle innspel til planarbeidet og/eller til planprogrammet kan sendast  på e-post til postmottak@masfjorden.kommune.no, eller i brev til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes innan 6. januar 2022. Elektronisk høyringsskjema er og å finna på Masfjorden kommune si heimeside.

Dersom de har spørsmål i saka ta kontakt med assisterande rådmann Sveinung Toft.


Sist oppdatert: 21.12.2021
Publisert: 21.12.2021