HeimNyhendeKunngjering om oppstart av reguleringsplan og framlegg til planprogram for Hosteland Vest

Kunngjering om oppstart av reguleringsplan og framlegg til planprogram for Hosteland Vest

Det vert med dette varsla at kommunestyret i møte den 02.12.2021  ga fullmakt til ordførar om å senda framlegg til planprogram ut på høyring, og godkjenna oppstart av reguleringsplan for Hosteland Vest. Dette  vert gjort med heimel i plan- og bygningslova sin § 12-9 og § 12-8.

Planprogrammet for reguleringsplanen for Hosteland Vest vert i samsvar med plan – og bygningslova sin § 4-1 lagt til offentleg ettersyn. Planprogrammet informerer nærmare om bakgrunnen for planarbeidet, medverknad, organisering og prosess. Viktige problemstillingar for planarbeidet er og drøfta, samt framlegg til konsekvensutgreiing. Framlegg til planavgrensing er vist nedunder. Føremålet med planarbeidet er å regulera inn bustadtomter med tilhøyrande veg, infrastruktur og båthamn.

Kart over planområdet

Planprogram for Hosteland Vest (pdf)

Naboar og grunneigarar vil verta tilskrivne i eigne brev.

Eventuelle innspel til planarbeidet og/eller til planprogrammet kan sendast  på e-post til postmottak@masfjorden.kommune.no, eller i brev til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes innan 28. januar 2022. Elektronisk merknadskjema er og å finna på Masfjorden kommune si heimeside om ein ønskjer å nytta det.

Dersom de har spørsmål i saka ta kontakt med assisterande rådmann Sveinung Toft.


Sist oppdatert: 13.12.2021
Publisert: 13.12.2021