HjemNyhendeKunngjering av godkjent reguleringsplan for Nordkvingo småbåthamn

Kunngjering av godkjent reguleringsplan for Nordkvingo småbåthamn

I medhald av plan- og bygningslova sin § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 21. november 2019, i sak 082/2019 har eigengodkjent reguleringsplan for Nordkvingo småbåthamn i Masfjorden kommune, plan-id 1266-20140001.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for eit småbåtområde i sjø med tilhøyrande infrastruktur. Reguleringsplanen ligg også til gjennomsyn frå 06.01.2020 til 27.01.2020 i ekspedisjonen i kommunehuset på Masfjordnes.

Planen med alle tilhøyrande dokument (pdf):

Plankart av 14.08.2019
Føresegner revidert 27.12.2019
Saksframlegget med vedtak

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til:

Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no, innan 27.01.2020.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding  av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, som gjeld krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.01.2020