HeimNyhendeBli med på å halda kysten rein

Bli med på å halda kysten rein

På denne måten ynskjer Kystlotteriet å gjera folk meir medvitne rundt marin forsøpling, og å gje folk eit høve til å gjere ein innsats for miljøet gjennom noko som minner litt om ei skattejakt. Når alle bidreg litt, blir resultatet stort.

5. og 6. klasse ved Nordbygda skule hadde eit prosjekt i Kunst og handverk som handlar om plast i havet, og kva ein kan gjere sjølv for å hindre forsøpling av naturen. Vi tok kontakt med Naturvernforbundet for å vere ein av fleire kommunar som er med i Kystlotteriet.

Om du har lyst til å vere med å samle inn boss i vegkanten, på stranda eller på sjøen kan du ta deg ein tur inn på biblioteket på Nordbygda skule for å få deg ein sekk og eit lodd. Biblioteket er ope tysdagar frå kl.13.00-19.00 også i sommarferien. Fyll opp sekken med plastsøppel du har funne, fyll ut loddet og lever sekken din til containeren som er plassert på gamle tømmerkaien i Duesund. Då er det berre å vente og sjå om du vinn ein av mange flotte premiar. For å få meir informasjon kan du gå inn på nettsida til Kystlotteriet (www.kystlotteriet.no)

Absolutt alle kan bidra

Enkeltpersonar, familiar, skuleklassar, foreiningar og alle andre større eller mindre grupper av deltakarar kan delta.

Dess fleire ,dess betre! Hugs at mindreårige, av tryggleiksmessige årsaker, må følgjast av vaksne.

 

Tekst: Anke Helland, lærar ved Nordbygda skule


Sist oppdatert: 15.06.2021
Publisert: 15.06.2021