HeimNyhendeLærarvikarar/ringevikar på Nordbygda skule

Lærarvikarar/ringevikar på Nordbygda skule

Me søkjer deg som kan vera med på å gjera dagen god for elevane våre og dei du jobbar saman med.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i klasse og mindre grupper, i hovudsak knytt til 1.-7. klasse. Vi ønskjer i utgangspunktet at du har relevant utdanning – helst på høgskulenivå. Det er ønskjeleg at du har kunnskap i bruk av IKT og at du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Søkjar må legge fram politiattest før tiltreding i stillinga.

Personlege eigenskapar

Av personlege eigenskapar er det viktig at du har interesse og engasjement for å jobbe med born og unge, og at du kan inspirere, motivere og engasjere elevar.

For meir informasjon

Har du spørsmål om stilling kan du ta kontakt med rektor Geir Follesø på telefon 45602198 eller e-post: geir.folleso@masfjorden.kommune.no

 

Tekst: Rita Ludvigsen, oppvekstleiar


Sist oppdatert: 19.08.2021
Publisert: 19.08.2021