HjemNyhendeLars Rognald og Sebastian nominert til Draumestipendet

Lars Rognald og Sebastian nominert til Draumestipendet

Lars Rognald Midtgård MatreSebastian Brown

Lars (t.v) og Sebstian (t.h.)

Dei er to av over 800 søkjarar til Draumestipendet dette året.

Begge dei to masfjordingane har opp gjennom åra markert seg på musikkfronten.
I søknaden til stipendet presenterer Lars Rognald ein draum om å ta opp arven etter Kraftspela og skapa ein etterlengta kulturfestival i heimbygda igjen. Draumen til Sebastian handlar om å skapa noko nytt og unikt innan rock, blues og metal, gjera innspelingar og dra på turné med eige band. I dag studerer han musikkproduksjon. Det å tileigna seg større kunnskap på området, og i tillegg få eige lydproduksjonsutstyr er ein vesentleg del av draumen.

Draumestipendet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping og er for dei mellom 18 og 25 år. Stipendet skal gje verdfull inspirasjon og anerkjenning, og bidra til at mange unge kunst- og kulturutøvarar får oppfylt sine draumar. Stipendordninga skal også bidra til å synleggjera kommunen sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar. Det er kommunane som nominerer kandidatar til den nasjonale juryen. Den lokale juryen har bestått av kulturskulelærarane Ståle Daae, Åsmund  Kvinge og Endre Nystrand, i tillegg til kulturskulerektor og kulturleiar Frank Kvinge.

I nominasjonsprosessen har det vore lagt vekt på kvalitet hjå søkjaren, og korleis eit stipend kan stimulera til vidare utvikling. Sjølve draumen til søkjaren er og svært viktig å ta omsyn til, likeins kor godt gjennomarbeidd sjølve søknaden er.

Begge dei to kandidatane frå Masfjorden bur no utanfor kommunen, og Draumestipendet kan såleis vera med på å knyta tettare band mellom dei unge kunst- og kulturutøvarane og deira oppvekstkommune. Ingenting er kjekkare enn at kandidatane kan inspirera andre unge utøvarar  og såleis gje noko tilbake til sin eigen kommune.

Utover vinteren vil den nasjonale juryen velja ut kven som skal få dei 50 stipenda à 30 000 kroner. Juryen består av profilerte norske artistar og kulturarbeidarar, og vert leia av Frida Ånnevik.

Resultatet av juryen sitt arbeid vert kunngjort i april-mai.

Me gratulerer med nominasjonen og ønskjer lukke til for dei to kandidatane!


Tekst: Masfjorden kommune, kultur


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 21.01.2021