HjemNyhendeIkkje forbod mot Sankthansbålet

Ikkje forbod mot Sankthansbålet

Med tanke på regnet me har hatt dei siste dagane er det ikkje like stor skogbrannfare lenger. Ein går difor tilbake til det generelle forbodet; at det mellom 15.april og 15.september er forbode å tenne opp bål og grill i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Du har likevel lov å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Dette kan vera i snødekte område, eller ved regn over lengre tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. (www.dsb.no)

Brannsjef Lars Jørgen Svendsen minner om at ein sjølve har eit stort ansvar for å sikre at bålet har forsvarleg storleik. Ein skal også ta vindretning i betraktning. Det har i lang tid vore tørke, og regnet som har kome siste dagane er svært lite. Det betyr at det framleis er svært tørt.

 

- Vis ansvar, vær bevisst, tenk storleik på bålet og ikkje minst; ha naudsynte sløkkemiddel i umiddelbar nærleik. 

 

Dersom du er i tvil om plassen du vil tenne bål på kvalifiserer til krava over, kan du ta kontakt med GMBR.

 

Masfjorden kommune ynskjer alle ei god og trygg Sankthansfeiring


Sist oppdatert: 22.06.2023
Publisert: 22.06.2023