Mange barn treng fosterheim - kom på infomøte
I Rogaland er det over 1000 fosterheimar. Når dei skal fortelje om kvifor dei har opna hjarte og heim for eit barn svarer mange: «Vi ønskjer å hjelpe eit barn som treng hjelp». Og dei svarer: «Det gir oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg.»
Det kjem stadig nye barn til som treng fosterheim. På vårt digitale informasjonsmøte får du vite meir om kven barna er, og kva det det vil seie å vere fosterheim. Møtet tar om lag ein time. Du får høve til å stille spørsmål.
Fosterheimstenesta i Førde har digitale møte om lag ein gang i månaden.
Meir informasjon og skjema for påmelding finn du i denne lenka:
Sist oppdatert:
12.04.2023
Publisert:
12.04.2023