HjemNyhendeMasfjorden fram att i lyset

Masfjorden fram att i lyset

Utsyn mot Mjangerslia

-Fylkesmannen i Hordaland har ei ordning der ein kan søkja tilskot til utsiktsrydding, seier Ottar Myrtveit på Teknisk, miljø og landbruk. - Masfjorden søkte på til saman åtte ulike stader fordelt utover heile kommunen, basert på vedtak i teknisk utval, og i dialog med grunneigarar. Dei utvalde stadane er  Mjanger, Sandnes, Duesund, Frøyset, Rambjørgsvik, Eikemo, Vågseth og Juvika.

-Kommunen fekk positiv attendemelding på søknaden, der prosjektet vert tilgodesett med 70% tilskot, til saman kr 665 000.  Kommunen dekker resterande beløp.

Lerøy Skog vann anbodsrunden og er no i full sving med å utføra arbeidet. Det er ikkje snakk om snauhogging, nokre fine stammar står att. Prosjektet skal vera ferdig innan 15. mars.

-Så langt ser dette ut til å bli eit særs vellukka prosjekt. Om kommunen søkjer også neste år vil verta vurdert etter evaluering av tiltaket, avsluttar Myrtveit.

Oppdatert den 22.02:
Utsiktsryddinga i Masfjorden går mot slutten, og Vågset-Juvik vert teken 25.-27. februar. Det vert skilta for smalara veg, og arbeid på vegen ved krysset på Solheim og på Haugsvær i kvar ende av Solheimslia.

Landskapet opnar seg i Mjangerslia 

Skogrydding i Duesund

 

Tekst og foto:  Frank Kvinge
 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 15.02.2019