HeimNyhendeMe søkjer vennefamiliar

Me søkjer vennefamiliar

Me leiter etter deg som til dømes kan invitera med deg mor og barn på ein runde i trimløypa på Hosteland, eller ein tur på Dagsturhytta på Kvingo. Eller ta med deg eit barn på fotballtrening eller kamp. Kanskje de har plass til eit par ekstra rundt hagebordet, med grillmat og kos? Eller kunne tenkt deg selskap på Sleirsfjellet Opp?

Me tenkjer på heilt vanlege aktivitetar i kvardagen, eller berre det å invitera på ein kopp kaffi for å bli betre kjent.
I første omgang er ser me hovudsakleg etter vennefamiliar på Sandnes og Nordbygda. Kan dette vera noko for deg? Då kan du ta kontakt med våre flyktningmedarbeidar på epost:

Ingvill Molland Hafsås og/eller Beate Sandnes, eller med kommunen.

 

 

Tekst: Sigrun Haugsdal Reknes


Sist oppdatert: 18.05.2022
Publisert: 16.05.2022