HjemNyhendeMeddommarar

Meddommarar

Masfjorden kommune skal velge og 2 meddommarar til lagmannsretten, 6 meddommarar til tingretten, 10 jordskifte-meddommarar til jordskrifteretten.

Meddommarar er ein ikkje juridisk utdanna person som saman med ein fagdommar er med på å avgjere rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å verte innkalla to gonger i året. Det fleste rettssakene varer frå ein til tre dagar.

For å kunne velgjast som meddommar, forliksrådsmedlem eller skjønnsmedlem må du vere mellom 21 og 70 år når valperioden startar og vere busett i Masfjorden kommune på valdagen. Du finn meir informasjon her.

Dersom du har lyst å verte meddommar kan du søke via digitalt skjema (multiform) seinast 26.mai 2024.

Forliksrådsmedlemmer

Masfjorden kommunestyre skal no velge medlemmer og varamedlemmer til Masfjorden forliksråd for perioden 01.2025 – 31.12.2028.

For å kunne veljast som forliksrådsmedlem må du vere over 25 år og under 70 år når valperioden startar.

Dersom du har lyst til å verte medlem i forliksrådet kan du søke via digitalt skjema (multiform) seinast 26.mai 2024.

Skjønnsmedlemmer

Masfjorden kommunestyre skal no fremje kandidatar til skjønnsmedlemmer

Eit skjønnsmedlem er ein type sakkunnig meddommar. Dei deltek både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten, i rettslege skjønn og overskjønn.

For å vere kandidat som skjønnsmedlem må ein kunne plasserast i ein av følgjande kategoriar: landbruk, skogbruk, arealplanlegger, eigedomsutviklar, entreprenør, arkitekt, meklar, takstmann, revisor/økonom, fast eigedom eller reindrift.

Dersom du har lyst å verte meddommar kan du søke via digitalt skjema (multiform) seinast 26.mai 2024.


Sist oppdatert: 07.05.2024
Publisert: 07.05.2024