HjemNyhendeSøkjer menn til arbeid i helsesektoren

Søkjer menn til arbeid i helsesektoren

Dei får tilbod om ei komprimert utdanning fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Nytt kull vert starta opp frå våren 2022, og me søkjer etter menn som er mann nok til å gå inn i omsorgsyrket. Det vert infomøte 18. januar 2022 på Amalie Skram vgs. klokka 13 - 15.00. Dersom smittesituasjonen er uendra kan møtet verte digitalt. 

På informasjonsmøtet vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I etterkant av møtet vil det verte søknadsprosess og intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar verte tilbydd ein 12 vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip sjansen!

Kjenne du nokon som fortener moglegheita? Tips han om Menn i helse!

Ynskjer du å melda deg på infomøtet? Ta kontakt med din rettleier i NAV / ditt NAV-kontor.

Har du spørsmål om Menn i helse? Ta kontakt med fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl på telefon; 97748055 eller e-post; kjetil@mennihelse.no Du kan også kontakte helse- og omsorgsleiar i Masfjorden kommune, Oddvin Neset, på tlf. 90609941.

Sjekk ut Menn i helse si heimeside her: www.mennihelse.no


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 27.12.2021