HeimNyhendeMiljøfyrtårnsertifikat til Ansgar Birkeland AS

Miljøfyrtårnsertifikat til Ansgar Birkeland AS

Bjørnar Birkeland og Merete Haugsdal i Entreprenør Anskar Birkeland som held diplomet, omkransa av Egil Kvingedal (t.v.) og ordføraren.

(Foto: Bjørnar Birkeland og Merete Haugsdal i Entreprenør Anskar Birkeland som held diplomet, omkransa av Egil Kvingedal (t.v.) og ordføraren)

Ordførar Karstein Totland delte ut beviset til dagleg leiar Bjørnar Birkeland og fortalte at dette er det første private føretaket som har fått Miljøfyrtårnsertifikat i Masfjorden kommune. Det er berre Havbruksinstituttet på Matre (Forskingsstasjonen) som har fått dette sertifikatet tidlegare i Masfjorden . Ved å ha dette sertifikatet kan bedrifta dokumentere miljøinnsats og vise samfunnsansvar.

Masfjorden kommune spanderte lunsj i samband med arrangementet, og her deltok både representantar frå selskapet og frå kommunen. I tillegg møtte fagsjef Egil Kvingedal på vegne av Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) i Region Vest.

Tildelingsbrevet i pdf-versjon

 

Tekst: Sveinung Toft
Foto: Roald Kvingedal


Sist oppdatert: 17.06.2021
Publisert: 17.06.2021