HjemNyhendeUtbrot av mutert virus i bergensregionen

Utbrot av mutert virus i bergensregionen

Masfjorden kommune er ikkje omfatta av desse tiltaka, men det er viktig at også me tek våre førehandsreglar.

Masfjorden kommune har difor denne oppmodinga til innbyggjarane:

Alle unødvendige reiser inn og ut av kommunen vert frårådd. Nødvendige arbeids- og pasientreiser er unnateke.

Heimekontor bør nyttast dersom det er mogleg.

Bruk munnbind når:

  • det ikkje er mogeleg å halde minst ein meters avstand
  • du er på offentleg stad som butikk og kollektivtransport
  • du i ditt arbeid ikkje kan halde minst 1 meters avstand til besøkjande
  • du er passasjerer eller sjåfør i taxi

Butikkar må sikre at det ikkje kjem fleire kundar inn i butikken enn at det er mogeleg å halde 1 meter avstand.

Kommunehuset er stengt for besøkjande.

Masfjorden sjukeheim vert stengd for besøkjande som er busette i Ring 1 (Bergen, Kvam og Ulvik) og Ring 2 (Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidfjord, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal, Voss, Øygarden) frå 8. februar til og med 15. februar. For andre besøkjande er reglane som tidlegare med besøk inntil 1 time for dagen med inntil to personar: Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim (www.masfjorden.kommune.no)

Me minner elles om dei nasjonale retningslinene. Trykk her for å halde deg oppdatert (www.regjeringen.no)

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 08.02.2021