HjemNyhendeNasjonal brannøving

Nasjonal brannøving

Nasjonal brannøving er ein viktig kampanje som du og di verksemd / din barnehage / din skule kan vera med på. Det er sjølvsagt heilt gratis å delta, og alle som er med i kategorien husstand eller barnehagar er med i trekninga av totalt 400 av vårt nye og flotte Brannstigespel.

Mange er pålagte å gjennomføra brannøving, men ikkje alle - til dømes burettslag og private husstandar. Sjølv om det ikkje er pålagt, er det likevel viktig og kan i yste konsekvens gjera forskjell på liv og død i ein så dramatisk situasjon om ein husbrann kan vera. Akkurat dette opplevde familien Selvaag på huset deira byrja å brenne midt på natta tidlegare i år. Det gjekk heldigvis bra med dei, takka vera at dei hadde øvd jamleg på å handtera ein husbrann. Sjå meir om dette, og meld deg på her.

Når du melder deg på, må du sjølv sørgje for å få gjennomført øvinga. Har du nyleg hatt ei øving treng du ikkje arrangera ei ny, men fint om du likevel melder deg på slik at me kan sjå kor mange som er med på dette over heile landet.
Råd og tips til planlegging og gjennomføring av brannøving får du her.

Tips gjerne familie, vener og andre. Saman bygger me kunnskap og forståing om korleis ein handterer ein brann - noko me veit vil redde liv og verdiar.

 

 

Tekst: Tor Erik Skaar, rådgiver kommunikasjon - Brannvernforeningen. 


Sist oppdatert: 11.09.2024
Publisert: 11.09.2024