HeimNyhendeMasfjorden fylgjer nasjonale reglar og tilrådingar

Masfjorden fylgjer nasjonale reglar og tilrådingar

Oversikt over nasjonale tiltak (www.regjeringen.no)

Tilrådingar for heile landet

Sosial kontakt

Alle bør avgrensa sosial kontakt. Det blir oppfordra til å møta andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester i tillegg til dei som alt bur saman.

Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vera fleire, men ein må likevel ikkje vera fleire enn at ein kan halda avstand.

Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.

Private samkomer og arrangement

  • Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, bør utsetjast eller avlysast.

Reiser

  • Reiser til utlandet vert frårådd.
  • Unngå unødige reiser innanlands.
  • Ein kan reisa på hytta (eigd eller leigd) eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogleg.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør som ein hovudregel følgja tilrådingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.

Arbeidsplassar

•    Heimekontor bør nyttast dersom det er mogleg

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unnateke frå tilrådinga om ein meters avstand når det er naudsynt for å drive med aktiviteten.
  • Barn og unge under 20 år kan delta i idrettsarrangement som samlar deltakarar frå same kommune. Innandørs kan det vera inntil 50 personar på slike arrangement. Det inkluderer utøvarar, trenarar, dommarar og eventuelle tilskodarar. Utandørs er grensa 200. Dersom barn og unge trenar med eit idrettslag i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrera med dette idrettslaget så lenge smittesituasjonen tillèt det.
  • Barn og unge under 20 år som driv med idrettar som ikkje medfører nærkontakt, som til dømes langrenn, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrets eller region der region vert brukt som geografisk inndeling.
  • Det vert ikkje tilrådd vaksne å driva organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne driva organisert trening dersom det er mogleg å halda god avstand.

Munnbind

  • Det er tilrådd å bruka munnbind i enkelte situasjonar, i område med høgt eller aukande smittepress, og når det ikkje er mogleg å halda éin meter avstand. Barn under ungdomsskulealder blir ikkje tilrådd å bruke munnbind.

Reglar for hele landet

Reglane for arrangement

  • Maks ti personar på private samkomer innandørs utanfor eigen heim, som for eksempel bursdag i leigd lokale.
  • Maks 50 personar på innandørs idrettsarrangement for barn som samlar deltakarar frå same kommune.
  • Maks 100 personar på andre arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 200 personar x 3 kohortar dersom dei sit i faste tilviste plassar og det er to meter avstand mellom kohortane.
  • Arrangøren skal setja i verk tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar. Om det er naudsynt skal det nyttast vakthald for å sikre dette.
  • Det vert gjort tydeleg i regelverket at medlemsmøte, inkludert møte i foreiningar og liknande vert rekna som arrangement.

Uteliv og serveringsstader

  • Berre tillate med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00.
  • Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader.

Tilrådingane for vinterferien

Generelt

  • Det er viktig å halde seg heime dersom ein ikkje er frisk, og testa seg så snart som mogleg dersom ein trur ein er smitta med covid-19.
  • Alle må vera budde på å endra planane for vinterferien dersom det oppstår lokale utbrot enten der du bur eller der du skal reise til. Då vil det kunne koma nye lokale råd og reglar å forhalda seg til.

Reiser

  • Me frarå i frå reiser til utlandet.
  • Du kan reisa på hytta (eigd eller leid) eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogleg.
  • Dersom du skal bu på hotell, må du vera budd på å gå i karantene til situasjonen er avklart dersom det blir eit smitteutbrot der. Hald avstand til andre gjestar, og følg hotellet sine smittevernreglar. Du bør avgrensa opphald i fellesareala for å redusera risiko for smitte der.
  • Det er viktig at du set deg inn i og følgjer smittevernreglane som gjeld der du skal.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør som ein hovudregel følgja tilrådingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg. Dersom det for eksempel i heimkommunen din er krav om å bruke munnbind, bør du difor gjera det i dei same situasjonane også i kommunen du reiser til, sjølv om dei ikkje har eit tilsvarande krav.

Sosialt

  • Alle bør redusera talet på personar ein har kontakt med, og vera samen med få personar i sosiale samanhengar, i kortare tid og ikkje med for mange ulike personar i løpet av ei veke. Ein bør fortrinnsvis samlast utandørs, der er smitterisikoen mindre. Dersom nokon er i ei risikogruppe, bør det takast ekstra omsyn.

Besøk

  • Dei nasjonale tilrådingane som gjeld for besøk heime, gjeld også ved besøk til f.eks. hytta i vinterferien. Det betyr at det blir tilrådd å møta andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar i tillegg til dei som er i husstanden din, så lenge du kan halde minst éin meters avstand til gjestane til ei kvar tid. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand, kan ein vera fleire.
  • Avgrens overnattingsbesøk. Tilrådinga om tall gjester på besøk og avstand gjeld også for overnatting. Personar frå ulike husstandar bør ikkje dela soverom. Sørg for god hygiene og godt reinhald dersom personar frå ulike husstandar må dela bad. Meteren gjelde på hytta også, og det avgrensar moglegheita for overnattingsbesøk for dei aller fleste.

Butikkar og aktivitetar

  • Handla det du treng på turen i heimkommunen din før avreise. Dersom du må handla nødsynte varer andre stedar, vel tidspunkt når det er lite folk, og gå helst berre ein frå husstanden.
  • Vel helst utandørs-aktivitetar. Ved besøk på alpinanlegg, badeland eller andre stadar, må ein følgja verksemda sine smittevernråd.
  • Unngå i størst mogleg grad å oppsøkje stader der mange er samla og det ikkje er lett å halda avstand, slik som serveringsstader og skistover.
  • God handhygiene og avstand til andre gjeld heile tida.

 



Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 25.02.2021