HjemNyhendeIkkje fleire positive koronatestar ved Sandnes skule, men ein ny positiv i Masfjordnes-området

Ikkje fleire positive koronatestar ved Sandnes skule, men ein ny positiv i Masfjordnes-området

Innsendte prøvar er så langt negative for alle.  Det er teke nye testar av elevane i dag 17. september, og skulen vil etter planen halde ope frå måndag 21. september.

Det vart torsdag 16. september meldt om ein korona positiv busett i Masfjordnes-området. Vedkommande har vore i karantene, og er ikkje kopla til utbrotet ved Sandnes skule tidlegare denne veka. Sidan vedkommande har vore i karantene er det ikkje naudsynt med smittesporing.

Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

Dersom du har kjenner symptom vert du oppmoda om å kontakte legekontoret
på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 17.09.2021