HjemNyhendeNGIR med innstendig bøn

NGIR med innstendig bøn

På grunn av koronaviruset og fullt fokus på ordinær innhenting av hushaldsavfall, vert vårrydde-rute 2020 og farleg avfall-rute kansellert. Dette gjeld også mellombelse mottak.

Dessverre er det alt lagt ut store mengder med hushaldsavfall som no må ryddast inn i all hast.

NGIR ber altså innstendig om at dette ikkje vert lagt ut da ein risikerer at det kan bli liggande som skjemmande avfall til seint på hausten.

Eit anna problem er også at enkelte legg ut avfallet ut altfor tidleg, slik at det blir liggande gjennom påsken m.v.

NGIR har på nytt sendt ut SMS om dette til alle husstander, da det var enkelte som ikkje hadde motteke denne.

Difor er det no forbode å legge ut avfall på oppsamlingsstadane.
 

Tekst: Irene Bratteng Fossheim, kommunikasjonsrådgjevar NGIR


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 24.03.2020