HjemNyhendeNordhordlandsbiblioteka ramma av dataangrep

Nordhordlandsbiblioteka ramma av dataangrep

Den digitale bibliotektenesta samt Pressreader - elektroniske tidskrift og aviser på internett - har vore ute av drift sidan onsdag 23. juni.

Dette skriv dei på sine eigne nettsider:
"Nordhordlandsbiblioteka er mellom dei biblioteka i landet som er ramma av eit dataangrep. Dette medfører at biblioteksystemet vårt er utilgjengeleg. Ein kan ikkje kome inn på meirope, ein kan ikkje fornye eller bestille bøker. Det er mogeleg å kome på biblioteka i opningstida og bruke dei og låne bøker. Me vil hjelpe dykk så godt som me kan. Me oppfordrar sterkt om å ta med seg lånekort viss ein skal låne bøker. Me veit ikkje kor lang tid dette vil ta."


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 28.06.2021