HeimNyhendeNy smitte påvist hjå innbyggjar i Masfjorden

Ny smitte påvist hjå innbyggjar i Masfjorden

Vedkommande har ikkje opphalde seg i Masfjorden siste tida, men har vore i nærkontakt med personar som bur i Masfjorden. Nærkontaktane er no i karantene og vert testa for smitte. Det er så langt ikkje påvist smitte hjå nærkontaktane i Masfjorden.

Masfjorden er då oppe i 3 smitta totalt sidan pandemien braut ut. Me minner om dei generelle førebyggjande smittevernråda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.   

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 29.10.2020