HeimNyhendeNy vassleidning i sjø

Ny vassleidning i sjø

Arbeidet vil skje mellom veke 32 - 39, og vert utført av selskapet Telemark SeaWorx AS.

Det vert riggplass på den gamle ferjekaien ved Duesund og lagring av produsert leidning skal skje i sjøen ved Duesund. Den produserte leidningen vert seinka ned på sjøbotnen, før den seinare vert henta opp og sveist saman og lagt på plass.

Målet er at den nye sjøleidningen skal vera på plass i starten av oktober, slik at vassforsyninga på Sandnes vert ivareteke på ein god måte.

Kommunen ber om at folk som er i området tek omsyn til dette viktige arbeidet.

 

Tekst: Sveinung Toft, assisterande rådmann.  


Sist oppdatert: 08.08.2022
Publisert: 08.08.2022