HjemNyhendeNye reglar om korona-testing

Nye reglar om korona-testing

Dette vert gjort for å avgrense smittespreiinga og skjerma dei mest sårbare blant oss.

Dei nye reglane medfører at alle uvaksinerte nærkontaktar til smitta personar får ei plikt til å teste seg – sjølv om dei er symptomfrie. Plikta gjeld nærkontaktar over 18 år, men også nærkontaktar under 18 år vert tilrådd å teste seg.  Nærkontakt er den som bur saman med smitta, eller som er tilsvarande nær. Plikta betyr at ein må teste seg kvar dag med sjølvtest, eller annankvar dag med PCR-test, i ei veke.

Vaksinerte nærkontaktar får ikkje ei plikt til å teste seg, men vert tilrådd to testar over ein periode på 1 veke etter at ein var utsett for smitte.

For å gjere tilgangen på sjølvtestar lettare vil Masfjorden kommune etablere utleveringstader for  sjølvtestar i alle 3 oppvekstområde i løpet av neste veke. Me vil leggja ut detaljert informasjon om dette tidleg i neste veke. Førebels vil ein kunne få utlevert sjølvtest ved legekontoret i Fensfjordbygg, Hosteland.

Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Ver heime viss du er sjuk, hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 12.11.2021