HeimNyhendeKommunen har fått nye retningslinjer om 3. dose

Kommunen har fått nye retningslinjer om 3. dose

Desse kan få 3. vaksine 4,5 månader etter 2. vaksinedose:

  • alle over 45 år
  • høgrisikogruppene i alderen 18-44 år
  • alle helsepersonell med pasientkontakt

Det vert koronavaksinering  på Nordbygda gamle legekontoret den:

  • Tysdag 28. desember 2021 kl. 11.00 - 13.00
  • Onsdag 5. januar 2022 kl. 15.30 - 18.00
  • Onsdag 12. januar 2022 kl. 14.00 - 16.00

Viktig informasjon: Du får ikkje innkalling til 3. dose slik du fekk til 1. og 2. dose. Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis.

Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.
Du kan sjå på helse Norge/min helse når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg. Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.
Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 15.12.2021
Publisert: 15.12.2021