HeimNyhendeNye smittevernråd frå Masfjorden kommune pr. 24.11.20

Nye smittevernråd frå Masfjorden kommune pr. 24.11.20

Bergen kommune har no forlenga si lokale forskrift fram til 6. desember, men seier dei vil vurdere om det kan opnast meir opp om ei veke.

Dei viktigaste justeringane på reglane i Bergen kommune 23. november er desse:

  1. Private husstandar med fire eller fleire fastbuande kan ha inntil to besøkjande.
  2. Det er ikkje lengre grense på 5 personar for private utandørs-arrangement.

Masfjorden kommune oppmodar framleis våre innbyggjarar om å følje reglane som Bergen kommune har vedteke. 

Dette medfører fyljande råd:

Private samkome

Det skal ikkje vere meir enn 5 deltakarar på private innandørs samkomer. Dersom alle er frå same husstand, kan ein vere fleire enn 5. Husstandar med fire eller fleire fastbuande kan ha inntil to besøkjande.

Arrangement på offentleg stad

Ikkje høve til å gjennomføre innandørs arrangement på offentleg stad med meir enn 20 deltakarar. I gravferd kan talet på deltakarar vere opp til 50. Arrangør må føre gjesteliste over deltakarane. Lista skal slettast etter 10 dagar.

Idrett og trening

Breiddeidrett for vaksne over 20 år er ikkje tillate. Utandørs trening for barn og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kampar og turneringar er ikkje tillate.

Kultur

Korøving og korpsøving for vaksne er ikkje tillate. Kulturaktivitetar for born og unge kan oppretthaldast, men unngå aktivitetar som samlar born og unge frå ulike bygder.

Munnbind

Bruk av munnbind på buss, drosje, butikk, serveringsstader og på offentleg stad når du veit at 1-meters avstand ikkje kan haldast.

Heimekontor

Vurder saman med din arbeidsgjevar om du kan nytta heimekontor.

Fire gode reglar

  • Hald deg heime om du er sjuk, og respekter reglane for karantene og isolasjon. Bestill smittetest om du mistenker koronavirus.
  • Ha reine hender, unngå å ta deg til ansiktet.
  • Hald minst ein meters avstand til alle andre enn di du bur saman med.
  • Hald deg mest mogeleg heime, og ha minst mogeleg nær kontakt med andre.



Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 24.11.2020