HjemNyhendeNytt frå Masfjorden helsestasjon og skulehelsetenesta

Nytt frå Masfjorden helsestasjon og skulehelsetenesta

Marta Midtbø skal jobbe ut mars månad og etter dette trer ho inn i pensjonistlivet. Ida Eide har gått ut i permisjon. Randi Ulvøy vil fortsette å arbeide på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Det er tilsett ein ny helsesjukepleiar i kommunen, Anja Låstad. I løpet av våren/sommaren vil ho byrja å arbeide på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. 

I ein overgangsfase vil det bli endring i forhold til tilgjengelegheit, spesielt med tanke på skulehelsetenesta. Ein vil prøve å gje eit best mogleg tilbod ut frå personalsituasjonen i denne overgangsperioden. I denne perioden vil det bli gjort prioriteringar ut frå ressursar. Ein kan alltids ta kontakt på telefon eller e-post ved behov.

Masfjorden helsestasjon tlf. 56 16 63 14. Randi Ulvøy mobil 40 80 16 40
Epost: Randi.ulvoy@masfjorden.kommune.no


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 24.03.2021