HjemNyhendeNytt kantstopp ved Matre skule

Nytt kantstopp ved Matre skule

I tillegg til kanstoppet vert det fortau opp mot skulen, fartshump og belysing. Under visast det korleis det skal sjå ut når det er ferdig.

 

Illustrasjonsbilete, Matre

 

I byggjetida som vil vara frå starten på juni til slutten på september, vil det verta trongare i dette området. Me har halde møte og synfaring med skule, barnehage, Skyss, entreprenør og Havforskningsinstituttet og blitt samde om at bussen stansar ved parkeringsplassen ved idrettsbana i byggjetida. (Markert på kartet over med raud kryss) Det vil og verta etablert ein ny port i gjerde mot idrettsbana, slik at dei som brukar skulen får ein trygg adkomst i byggjetida.

Det vil og verta behov for kortare stenging av vegen under arbeida. Ein ber difor bygdefolk til å nytta adkomsten under brua på E39 når dette pågår.

Me oppmodar alle til å visa tolmod og ta hensyn til dei som utfører arbeidet og spesielt dei mjuke trafikkantane i byggjetida. Beløninga er eit godt tiltak for bygda når det står ferdig.

 

Tekst: Jan Kvingedal, sakshandsamar. 


Sist oppdatert: 25.05.2023
Publisert: 25.05.2023