HjemNyhendeNytt tilfelle av koronasmitte hjå innbyggjar

Nytt tilfelle av koronasmitte hjå innbyggjar

Smittesporing er iverksett, og det er om lag 50 nærkontaktar. Desse er i hovudsak busette i Masfjorden og Gulen.  Nærkontaktane er no i karantene og vert testa.

Me kjenner ikkje smittevegen til personen som har fått påvist koronavirus. Difor går me breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og avtale tid for test.

Inntil me har fått meir oversikt over situasjonen vert sjukeheimen stengd for besøkjande, førbels til måndag ettermiddag. 

Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.08.2021