Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim
Bebuarar kan no få ta imot besøk av pårørande på sine rom.
Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
- Pårørande som har vore i land utafor Norden, eller har hatt symptom med feber, sår hals og hoste dei siste 14 dagane, kan ikkje kome på besøk.
- For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i pasienten sin journal og eiga besøksbok kven som har vore på besøk.
- Besøkjande må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
- Her som elles i samfunnet må alle halde minst 1 meters avstand til tilsette og til bebuar.
- Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 besøkjande ved kvart besøk.
- Kvart besøk kan vare maksimalt 1 time. Besøkjande må bruke munnbind.
- Skulle ein bebuar verte alvorleg sjuk, vil eigne reglar for besøk framleis gjelde.
- Pårørande må avtale tidspunkt for besøk med sjukeheimen på førehand, og må vente ute til personale følgjer bebuar ut evt. losar besøk inn.
Tlf. 56166500/41617509
Velkommen til besøk under litt andre tilhøve enn vanleg
Tekst: Rolf M. Sleire, tilsynslege og Marit Andersen Nesse, leiar Masfjorden sjukeheim
Sist oppdatert:
24.11.2020
Publisert:
05.11.2020