HjemNyhendeOppdatert informasjon om Kikhoste

Oppdatert informasjon om Kikhoste

  • Det er vedvarande auke i forekomsten av kikhoste i Norge.
  • Status i Masfjorden kommune er ingen smittede registrert.
  • FHI anbefalar oppfriskningsdose til voksne kvart 10 år med kombinasjonsvaksine mot Difteri, Stivkrampe, Kikhoste, og Polio. Ta kontakt med legekontor eller helsestasjon for avtale om vaksinering. Du må sjølv betale for vaksinering. Du kan sjølv sjekke når du fekk siste vaksine på Helsenorge.no.
  • Gravide tilbys kikhostevaksine i graviditeten for å beskytte det nyfødte barnet mot kikhoste. Denne vaksina er gratis.
  • Familiar med spedbarn bør begrense besøk av og nærkontakt med personar som har forkjølelsessymptom, og vere nøye med handvask.
  • Ha lav terskel for å oppsøke lege ved sjukdom, spesielt hos spedbarn. Kikhoste lignar på andre forkjølelsar første veka, før den kraftige hosta startar. Kraftig hoste kan være kikhoste, og kontakt med lege må vurderast.
  • Minnar om at god handhygiene er eit godt sjukdomsforebyggande tiltak.

 

Tekst: Laila Mjånes, leiande helsesjukepleiar og Marita Bru, kommuneoverlege.


Sist oppdatert: 17.07.2024
Publisert: 17.07.2024