HeimNyhendeOppfriskingsvaksine mot Difteri, Stivkrampe, Kikhoste, og Polio

Oppfriskingsvaksine mot Difteri, Stivkrampe, Kikhoste, og Polio

Anbefaling fra FHI mai-24;

  • Voksne som ikkje tidlegare er vaksinert med 3 doser vaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio (grunnvaksinasjon) bør sørge for at de får dette
  • Alle personar som er grunnvaksinert mot tetanus, kikhoste og polio bør få ei oppfriskingsdose hvert 10. år.

Alle gravide får tilbod om gratis vaksine (kombinasjonsvaksine) i veke 24 eller etter vurdering. Dette gjer barnet god beskytning dei første levemånadene. Alle svangre får tilbodet uavhengig av tidlegare vaksinasjonsstatus. Informasjonsskriv til gravide frå FHI: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/beskytt-barnet-ditt-mot-kikhoste/


Spesielt  alle som jobbar i helse og/eller med barn oppmodast til oppfriskningsdose, og generelt er  oppfriskingsdose anbefalt kvart 10.år for alle voksne. Oversikt over dine vaksiner finn du på «Mi side» på Helsenorge.

 

Hugs at alle som har fullgod vaksine-dekning, er med på å beskytte sårbare grupper, som nyfødte og småbarn, og birdar til å unngå større utbrudd av sjukdommen.

 

 

Du kan bestille vaksinasjon på helsestasjonen eller legekontoret, samt utvalgte apotek tilbyr dette"



For meir informasjon om kva vaksiner som er anbefalt for voksne, sjå her: https://www.fhi.no/va/voksenvaksinasjon/oversikt-anbefalte-vaksiner-for-voksne/

 

Tekst: Marita Bru, Kommuneoverlege
Laila Mjånes, Leiande helsesjukepleiar


Sist oppdatert: 08.05.2024
Publisert: 08.05.2024