HjemNyhendePå tide å førebu seg til valet

På tide å førebu seg til valet

Frist for å levere inn liste til kommunestyrevalet er 1. april klokka 12:00.

Denne fristen kan ikkje overskridast

Desse kan stille liste

Alle registrerte parti som fekk minst 500 stemmer i eitt fylke eller 5 000 stemmer på landsbasis ved sist stortingsval, kan still eliste under forenkla reglar. Dei kan leverer lister som er underskrive av to styremedlemmer i lokalavdeling.

Andre parti eller grupper må samle underskrifter for å få stille. Listeforslaget må ha så mange underskrifter at det utgjer 2 % av innbyggjarane med stemmerett ved sist stortingsval. I Masfjorden vil det då vere nødvendig med minst 26 underskrifter.

Slik skal lista sjå ut

Lista skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget går ut får. Ho må ikkje kunne forvekslast med andre grupper eller parti. Registrerte parti må bruke sitt registrerte namn.

Lista skal ha minst 7 kandidatar og maks 23 (17 kommunestyrerepresentantar  +6).

Inntil fire av dei øvste kandidatane kan førehandsprioriterast. Det betyr at dei får eit stemmetillegg på 25 %. Desse namna skal stå med utheva skrift.

Alle kandidatane må førast opp med førenamn, etternamn og fødselsår. Det er opp til forslagsstillarane om dei vil legge til bustad og/eller stilling. Dette må i så fall gjerast for alle kandidatane.

Fødselsdatoen til alle kandidatane må ligge ved lista slik at valstyret kan kontrollere identiteten og om dei kan veljast.

Bruk gjerne malane som Valdirektoratet har utarbeidd. Du finn dei her: https://valg.no/kommunestyre--og-fylkestingsvalget-2019/lister-og-partier/veiledning-til-utfylling-av-listeforslag/

Samle underskrifter

For å skrive under på eit listeforslag (vere forslagstiller) må ein kunne stemme ved valet i Masfjorden kommune. Ein kan som forslagsstillar berre skrive under på eitt listeforslag, men det bind ikkje underskrivaren til å stemme på denne lista ved valet. Det e mogleg å vere både kandidat på lista og forslagsstillar. Det går og an samtidig å stå som kandidat på ei liste og stå som forslagstillar på ei konkurrerande liste. Listene med underskrifter er underlagt teieplikt.

Valmyndigheitene kontrollerer identiteten til underskrivarane, om dei har stemmerett ved valet og om dei eventuelt har skrive under på fleire listeforslag.

Endring av listeforslag

Dei som leverte listeforslag (tillitsutvalet) kan fritt endre det fram til fristen for innlevering. For registrerte parti vil det vere dei to styremedlemmene i lokalorganisasjonen som skriv under listeforlaget som er tillitsvalte. Heile styret vil vere rekna som tillitsutvalet.

Lister som går ut frå uregistrerte grupper må vere påført namn på tillitsvald og vara. Ho bør og ha namna på dei som er i tillitsutvalet.

Denne rettleiinga er ikkje fullstendig. For meir informasjon om korleis ein stiller lister og utforminga av desse, sjå pdf-dokument Valhandboka, kap 7 (www.regjeringen.no) utgitt av Kommunal og moderniseringsdepartementet og Vallova med forskrifter: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-28-57

 

 

Tekst: Anne Kristin Rafoss, rådgjevar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.01.2019